Kven er vi?
Urmaker Birger Eknes opna butikk i det nystarta Knarvik Senter i desember 1978. I byrjinga var det berre 2 ansatte i eit lite lokale i første høgda (tilsvarande omlag halvparten av butikklokalet slik det er i dag). På grunn av utviklinga av Knarvik som tettstad, Nordhordland som eit attraktivt nærområde til Bergen og med eit veksande antall ulike bedrifter i nærleiken, har folketalet i regionen auka dei siste 30 åra. Dette har gitt grobunn for vekst, også i vår bedrift. I dag er vi 3 ansatte og ser framleis heilt klart eit stort behov for å tilby fagkunnskap og service i høve til den aukande kundekretsen.
Eigen serviceverkstad
Vi skifter batteri, lenke og rem så fort som mogeleg (avhengig
av arbeidstilgang). Service og overhaling av armbåndsur vert utført
av dyktige fagurmakere. Vi har også kompetanse på service og
overhaling av golv- og veggklokker, men anbefaler å ta kontakt med
oss for bestilling av reparasjon, då vi har stor pågang.
Vi har det meste innan batteri til ur, høyreapperat, kamera,
leikar, fjernkontroller, stort sett dei fleste typar bilalarmer og
mykje anna. Det vi ikkje har, kan vi som oftast skaffe!


