Jubilèumsur
Vi kan tilby eit spekter av ulike jubilèumsur til ulike høve.
Det mest vanlege er jo den typiske gullklokka, når ein har vore ansatt i same firma i 25 år, men det er også andre mogelege jubilèum som kan markerast med eit ur. Det treng jo sjølvsagt heller ikkje alltid vere eit gull armbåndsur.
Det er eit eige regulativ som styrer dei skattefrie satsane ved gåver i samband med jubilèer og andre høve. Satsane har vore uforandra i svært mange år, men det er mogelege endringar undervegs, då m.a. Norges Urmakerforbund har gitt påtrykk overfor departementet angåande dette.


